1 Ver stille, ¬de øyar og strender,og høyr på meg,lat folka samla nye krefter!Lat dei koma og tala si sak,lat oss saman gå fram ¬for retten!
2 Kven har vekt ¬den mannen frå austsom sigeren møter ¬kvar han set foten?Kven gjev folkeslag ¬i hans maktog lèt han råda over kongar?Med sverdet gjer han dei ¬lik støv,med bogen ¬lik fykande halmstrå.
3 Han forfylgjer dei, ¬og trygt går han fram,er berre så vidt nedpå vegen ¬med foten.
4 Kven var det ¬som sette dette i verk?Han som frå opphavet ¬kalla ættene fram.Eg, Herren, er den fyrste,og eg skal vera hjå dei siste.
5 Øyar og strender ¬ser det og reddast,heimsens endar skjelv.Dei stimar i hop og kjem.
6 Den eine hjelper den andre ¬og seier:«Gå frimodig til verket!»
7 Meisteren set mot ¬i gullsmeden,den som bankar til metallet ¬med hamar,set mot i han ¬som slår på ambolten.Han seier om loddinga: ¬«Ho er god.»Så fester dei biletet med naglar,og det står støtt.