15 Sjå, eg gjer deg ¬til ein treskjeslede,kvass og ny, ¬med mange taggar!Du skal treskja fjell ¬og krasa dei,og haugar skal du gjera ¬lik agner.
16 Du skal kasta dei i veret, ¬så vinden tek dei,og stormen spreier dei ¬vidt ikring.Men sjølv skal du jubla ¬i Herrenog rosa deg av Israels Heilage.
17 Dei arme og fattige ¬leitar fåfengt etter vatn,medan tunga brenn av torste.Eg, Herren, vil høyra ¬deira bøn,Israels Gud går ikkje frå dei.
18 Eg lèt elvar strøyma fram ¬på snaue høgderog kjelder midt i dalar.Eg gjer øydemarka ¬til sevgrodd tjørnog turre landet ¬til ein kjeldevang.
19 Eg lèt sedrar veksa ¬i øydemarka,akasie, myrt og oliventre.Eg plantar sypress ¬på den aude heisaman med gran og buksbom,
20 så alle kan sjå og vitaat Herrens hand har gjort det,leggja seg på hjarta og skjønaat Israels Heilage har skapt det.
21 Legg fram dykkar sak! ¬seier Herren.Kom med grunnane! ¬seier Jakobs konge.