20 så alle kan sjå og vitaat Herrens hand har gjort det,leggja seg på hjarta og skjønaat Israels Heilage har skapt det.
21 Legg fram dykkar sak! ¬seier Herren.Kom med grunnane! ¬seier Jakobs konge.
22 Lat dei koma og kunngjera ossdet som sidan skal henda.Fortel oss ¬kva som før har hendt,så vi kan merka oss det!Eller lat oss få høyra ¬kva som skal koma,så vi kan vita kva ¬utgangen vert!
23 Kunngjer det ¬som eingong skal henda,så vi kan skjøna at de er gudar!Ja, gjer eitkvart, ¬godt eller vondt,så vi alle kan sjå det ¬og undrast!
24 Sjå, de er reine inkjevetta,og det de gjer, ¬er ingenting verdt.Ein styggedom er det ¬å velja seg dykk.
25 Eg har vekt ein mann frå nord,og han kjem, frå eit land i aust;han skal kalla på mitt namn.Styresmenn trakkar han ned ¬som søle,liksom pottemakaren ¬stampar leire.
26 Kven kunngjorde dette ¬frå fyrst av,så vi kunne vita det?Kven forkynte det i gamal tid,så vi kunne seia: ¬«Det er rett»?Ingen har kunngjort det,ingen har sagt frå,ingen har høyrt eit ord ¬frå dykk.