3 Han forfylgjer dei, ¬og trygt går han fram,er berre så vidt nedpå vegen ¬med foten.
4 Kven var det ¬som sette dette i verk?Han som frå opphavet ¬kalla ættene fram.Eg, Herren, er den fyrste,og eg skal vera hjå dei siste.
5 Øyar og strender ¬ser det og reddast,heimsens endar skjelv.Dei stimar i hop og kjem.
6 Den eine hjelper den andre ¬og seier:«Gå frimodig til verket!»
7 Meisteren set mot ¬i gullsmeden,den som bankar til metallet ¬med hamar,set mot i han ¬som slår på ambolten.Han seier om loddinga: ¬«Ho er god.»Så fester dei biletet med naglar,og det står støtt.
8 Men du Israel, min tenar,Jakob, som eg har valt ut,du ætt av Abraham, min ven!
9 Eg henta deg ¬frå heimsens endarog kalla deg ¬frå den ytste utkant.Eg sa til deg: ¬«Du er min tenar,eg har valt deg ut ¬og ikkje støytt deg bort.»