6 Den eine hjelper den andre ¬og seier:«Gå frimodig til verket!»
7 Meisteren set mot ¬i gullsmeden,den som bankar til metallet ¬med hamar,set mot i han ¬som slår på ambolten.Han seier om loddinga: ¬«Ho er god.»Så fester dei biletet med naglar,og det står støtt.
8 Men du Israel, min tenar,Jakob, som eg har valt ut,du ætt av Abraham, min ven!
9 Eg henta deg ¬frå heimsens endarog kalla deg ¬frå den ytste utkant.Eg sa til deg: ¬«Du er min tenar,eg har valt deg ut ¬og ikkje støytt deg bort.»
10 Ver ikkje redd, ¬for eg er med deg!Sjå deg ikkje rådvill ikring,for eg er din Gud!Eg styrkjer deg og hjelper degog held deg oppe ¬med mi frelsarhand.
11 Sjå, dei vert til spott og skam,alle som harmast på deg.Dei vert til inkjes, ¬går til grunne,dei som set seg opp mot deg.
12 Om du leitar, finn du dei ikkje,dei som står deg imot.Dei går heilt til grunne,dei som strider mot deg.