9 Eg henta deg ¬frå heimsens endarog kalla deg ¬frå den ytste utkant.Eg sa til deg: ¬«Du er min tenar,eg har valt deg ut ¬og ikkje støytt deg bort.»
10 Ver ikkje redd, ¬for eg er med deg!Sjå deg ikkje rådvill ikring,for eg er din Gud!Eg styrkjer deg og hjelper degog held deg oppe ¬med mi frelsarhand.
11 Sjå, dei vert til spott og skam,alle som harmast på deg.Dei vert til inkjes, ¬går til grunne,dei som set seg opp mot deg.
12 Om du leitar, finn du dei ikkje,dei som står deg imot.Dei går heilt til grunne,dei som strider mot deg.
13 For eg er Herren din Gud,som har gripe di høgre handog seier til deg: ¬«Ver ikkje redd!Eg hjelper deg.»
14 Ver uredd, Jakob, ¬du arme kryp,og de, Israels menn!Eg hjelper deg, ¬lyder ordet frå Herren,Israels Heilage er din utløysar.
15 Sjå, eg gjer deg ¬til ein treskjeslede,kvass og ny, ¬med mange taggar!Du skal treskja fjell ¬og krasa dei,og haugar skal du gjera ¬lik agner.