1 Sjå, min tenar ¬som eg stør,min utvalde ¬som eg har hugnad i!Eg har lagt min Ande på han,retten skal han føra ut til folka.
2 Han skal ikkje skrika ¬og ikkje ropaog ikkje bruka mælet på gata.
3 Han skal ikkje bryta ¬eit broste sevog ikkje sløkkja ¬ein rykande veik.Med truskap ¬skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje trøytnaog ikkje bryta samanfør han har breitt ut retten ¬på jorda.Øyar og strender ¬ventar på hans lære.
5 Så seier Herren Gud,han som skapte himmelen ¬og spente han ut,og breidde ut jorda ¬med alt som der gror,han som gjev livspust ¬til folket på jordog ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, ¬har kalla deg i rettferdog teke deg i handa.Eg har skapt degog gjort deg til ei pakt ¬for folket,til eit ljos for folkeslaga.