19 Kven er blind, ¬om ikkje min tenar,og døv som mitt sendebod?Kven er blind som min venog døv som Herrens tenar?
20 Mangt har du sett,men du ansar det ikkje;du har opne øyro, ¬men høyrer ikkje.
21 Herren ville for si ¬rettferd skuldgjera lova stor og herleg.
22 Men folket er herja og plyndra,alle er bundne i fangehol,i fengsel ligg dei bortgøymde.Dei vart til hærfang, ¬og ingen berga dei,til rov, ¬og ingen sa: «Gjev det att!»
23 Kven av dykk vil høyra ¬på dette,lyda etter frå denne stund?
24 Kven var det ¬som gav Jakob til plyndringog Israel til ransmenn?Det var Herren, ¬som vi synda imot.Dei ville ikkje gå på hans vegarog lydde ikkje hans lov.
25 Så rende han ut over deisin heite harme ¬og ein veldig krig.Det loga ikring dei, ¬men dei skjøna det ikkje,det svidde dei, ¬men dei ansa det ikkje.