8 Eg er Herren, det er mitt namn.Eg gjev ikkje mi ære til andreog ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, ¬er kome,og no kunngjer eg nye ting.Før dei enno gror fram,lèt eg dykk få høyra om dei.
10 Syng ein ny song for Herren,lovsyng han ¬frå heimsens endar,de som ferdast på havet,og alt som fyller det,de øyar og strenderog de som bur der!
11 Øydemarka med sine byar ¬skal syngja,landsbyane der Kedar held til.Dei som bur på fjellet, ¬skal jubla,frå fjelltoppane ¬skal dei ropa høgt.
12 Dei skal gje Herren ære,forkynna hans pris ¬på øyar og strender.
13 Herren dreg ut som ei kjempe;han eggjar sin stridshug ¬som ein krigar,lèt hærropet ljomaog viser sin styrke på fiendane:
14 I lange tider ¬har eg halde meg i ro,eg har tagt og tøymt meg sjølv.No skrik eg ¬som ei fødande kvinne,eg frøser og syp etter anden.