20 Berre oske er det han jagar etter. Eit dåra hjarta har ført han vilt, så han ikkje bergar seg og seier: «Er det ikkje lygn det eg held i mi høgre hand?»
21 Kom dette i hug, Jakob,kom det i hug, Israel!For du er min tenar.Eg har skapt deg, ¬du er min tenar,du er ikkje gløymd av meg, ¬Israel.
22 Eg stryk bort dine brot ¬som ei skoddog dine synder som ei sky.Vend om til meg, ¬eg løyser deg ut!
23 Jubla, du himmel,for Herren har gripe inn.Rop av fryd, de jordedjup!Bryt ut i jubel, alle fjell,du skog med alle dine tre!For Herren løyser ut Jakobog syner sin herlegdom ¬på Israel.
24 Så seier Herren, din utløysar,han som skapte deg i mors liv:Eg er Herren som gjorde alt;himmelen spente eg ut åleine,og jorda breidde eg ut ¬utan hjelp.
25 Eg gjer teikna ¬åt varseltydarane til inkjesog lèt spåmennene verta ¬til narr.Eg får vismenn til å tagna,gjer deira visdom til dårskap.
26 Men eg stadfester orda ¬åt mine tenararog gjennomfører den plansom mine sendebod ¬forkynner.Eg seier om Jerusalem:«Der skal det bu folk,»og om byane i Juda:«Dei skal byggjast opp att;eg skal reisa det ¬som ligg i røys.»