25 Eg gjer teikna ¬åt varseltydarane til inkjesog lèt spåmennene verta ¬til narr.Eg får vismenn til å tagna,gjer deira visdom til dårskap.
26 Men eg stadfester orda ¬åt mine tenararog gjennomfører den plansom mine sendebod ¬forkynner.Eg seier om Jerusalem:«Der skal det bu folk,»og om byane i Juda:«Dei skal byggjast opp att;eg skal reisa det ¬som ligg i røys.»
27 Eg seier til havdjupet: ¬«Torna!Dine straumar turkar eg ut.»
28 Eg seier om Kyros:«Han er min hyrding,han skal fullføra alt det eg vil;han skal seia om Jerusalem:Byen skal byggjast!og om templet:Det skal atter verta grunnlagt.»