3 For eg vil renna vatn ¬over det tyrsteog straumar over det turre.Min Ande vil eg renna ut ¬over di ættog mi velsigning ¬over dine etterkomarar.
4 Dei skal veksa opp ¬som sev i vatn,som poplar attmed bekkefar.
5 Ein skal seia: ¬«Eg høyrer Herren til»,ein annan skal kalla seg ¬med Jakobs namn.Ein skal skriva i si hand: ¬«For Herren»,og Israel skal han få ¬til ærenamn.
6 Så seier Herren,Israels konge og utløysar,Herren, Allhærs Gud:Eg er den fyrste, ¬og eg er den siste,og utan meg ¬finst det ingen Gud.
7 Kven er som eg?Lat han stiga fram og fortelja,ja, leggja fram for meg ¬det som har hendtalt frå eg skapte ¬det fyrste folket.Og lat han seia dei det ¬som sidan skal henda.
8 Ottast ikkje, ver ikkje redde!Har eg ikkje for lenge sidankunngjort og sagt deg det?De er mine vitne.Finst det ein Gud utan meg?Eg veit ikkje om ¬noko anna berg.
9 Dei som lagar gudebilete, ¬duger ikkje;og deira kjære gudar ¬kan ikkje hjelpa.Deira vitne ser ikkje ¬og skjønar ikkje,difor vert dei til skammar.