17 Der skal lamma beita ¬som i ei utmark,gjøfe og geiter skal gå og gnagapå dei aude tufter.
18 Ve dei som dreg skulda til segmed vondskaps sterke togog slepar på synd ¬som med vognreip!
19 Dei seier: «Lat han skunda seg ¬og gjera sitt verkså fort at vi kan få sjå det!Lat det henda,det Israels Heilage har fastsett,lat det koma,så vi får oppleva det!»
20 Ve dei ¬som kallar det vonde godtog det gode vondt,dei som gjer mørker til ljos ¬og ljos til mørker,beiskt til søtt og søtt til beiskt!
21 Ve dei som er vise ¬i eigne augoog kloke i eigne tankar!
22 Ve dei som er heltar ¬– til å drikka vin,og djerve karar ¬– til å blanda sterk drikk,
23 som frikjenner den skuldige ¬for pengarog ikkje lèt den skuldlause ¬få sin rett!