22 Ve dei som er heltar ¬– til å drikka vin,og djerve karar ¬– til å blanda sterk drikk,
23 som frikjenner den skuldige ¬for pengarog ikkje lèt den skuldlause ¬få sin rett!
24 Difor, liksom eld øyder halm,og høy sig saman i logen,så skal rota deira rotnaog blomen føykjast bort ¬som støv.For dei har vraka lov og lærefrå Herren, Allhærs Gud,og vanvørdt ordet ¬frå Israels Heilage.
25 Difor logar Herrens vreide ¬mot folket hans.Han retter ut handa og slår det,så fjella skjelv, ¬og lika ligg som avfall i gata.Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg,og enno retter han ut si hand.
26 Han reiser eit hærmerkefor eit folk langt borteog plystrar det hit ¬frå enden av jorda.Og sjå, der kjem dei, ¬snøgt og lett.
27 Det finst ingen dersom er trøytt eller snåvar,ingen som blundar, ¬og ingen som søv.Beltet om livet losnar ikkje,og inga skoreim slitnar.
28 Pilene deira er kvasse,og bogane deira er alle spente,hestehovane er som flintog vognhjula ¬som ein kvervelvind.