3 Og no, de Jerusalems-buarog Juda-menn:Døm mellom meg ¬og min vingard!
4 Kva meir var det ¬å gjera med hagenenn det eg alt hadde gjort?Kvifor bar han så beisk ¬ei frukt,når eg venta meg gode druer?
5 No skal eg seia dykkkva eg vil gjera ¬med vingarden min.Eg tek bort gjerdet, ¬så han vert avbeitt,riv ned muren, ¬så han vert nedtrakka.
6 Eg gjer han til ei øydemark.Han skal ikkje skjerast ¬og hakkast meir,men torn og tistel skal gro der.Og skyene byd egat dei ikkje skal senda regn ¬over han.
7 For vingarden åt Herren, ¬Allhærs Gud,det er Israels hus,og folket i Juda er hagensom han hadde hugnad i.Han venta rett,men sjå, ¬det vart blodig urett!Han venta rettferd,men høyr, det vart skrik!
8 Ve dei som legg hus til husog åker til åker,til det ikkje meir finst rom,og de sit att åleine i landet!
9 Frå Herren, Allhærs Gud,kling det i øyro mine:Sanneleg, ¬mange hus skal verta aude,store, gode gardar skal ¬stå tome.