3 Så seier Herren:For inkje vart de selde,og utan pengar ¬skal de løysast ut.
4 For så seier Herren din Gud:I si fyrste tid ¬drog folket mitt til Egyptog heldt til der.Sidan vart dei utan grunn ¬trælka av Assur.
5 Og no, lyder ordet frå Herren,kva skal eg gjera hernår folket mitt er bortført ¬utan vederlag?Valdsherrane hyler, ¬seier Herren,og dagen lang ¬vert namnet mitt spotta.
6 Difor skal folket mittlæra mitt namn å kjenna,ja, den dagen skal dei skjønaat det er eg som seier: ¬«Her er eg!»
7 Kor fagert det ernår han som ber gledebod,kjem springande over fjell,melder fred ¬og ber god bodskap,forkynner frelse ¬og seier til Sion:«Din Gud er konge!»
8 Høyr, dine vaktmenn ropar,dei jublar alle i hop.For med eigne augo ser deiat Herren kjem heim att ¬til Sion.
9 Set i med jubelrop,de aude tufter i Jerusalem!For Herren trøystar sitt folkog løyser ut Jerusalem.