9 Set i med jubelrop,de aude tufter i Jerusalem!For Herren trøystar sitt folkog løyser ut Jerusalem.
10 Herren syner sin heilage armfor augo på alle folkeslag.Heile den vide jord får sjåfrelsa frå vår Gud.
11 Far bort, far bort frå Babylon!Ikkje rør noko ureint!Dra ut or byen og reinsa dykk,de som ber Herrens kar!
12 For de treng ikkje ¬skunda dykk,de må ikkje røma frå byen.For Herren sjølv går føre dykk,og sist i flokken er Israels Gud.
13 Sjå, min tenar skal ha ¬framgang,han skal stiga ¬og lyftast og opphøgjast.
14 Liksom mange stokk til ¬då dei såg han– meir skamfaren var han ¬enn nokon mann,han såg ikkje ut ¬som eit menneske,
15 så skal mange folkeslag ¬undrast over han,og kongar skal lata att ¬sin munn.For dei får sjå ¬det som aldri vart sagt dei,uhøyrde ting vert dei vitne til.