1 Kven truddedet bodet vi høyrde,og kven fekk sjå Herrens makt?
2 Han rann som ein kvist ¬for Guds åsyn,som ein renning or turr jord.Nokon herleg skapnad ¬hadde han ikkje,det var ingen hugnad å sjå han.
3 Vanvørd var han, ¬folk heldt seg unna,ein mann i pinsler, ¬velkjend med sjukdom,ein svivørd mann ¬som ingen ville sjå på;vi rekna han for inkje.
4 Sanneleg, våre sjukdomar ¬tok han på seg,og våre pinsler bar han.Vi trudde han var heimsøkt,slegen av Gud og ille plaga.
5 Men han vart såra for våre brotog sundbroten for våre synder.Straffa låg på han, ¬så vi skulle ha fred,og ved hans sår ¬har vi fått lækjedom.