3 Vanvørd var han, ¬folk heldt seg unna,ein mann i pinsler, ¬velkjend med sjukdom,ein svivørd mann ¬som ingen ville sjå på;vi rekna han for inkje.
4 Sanneleg, våre sjukdomar ¬tok han på seg,og våre pinsler bar han.Vi trudde han var heimsøkt,slegen av Gud og ille plaga.
5 Men han vart såra for våre brotog sundbroten for våre synder.Straffa låg på han, ¬så vi skulle ha fred,og ved hans sår ¬har vi fått lækjedom.
6 Vi fór alle vilt som sauer,vi vende oss kvar til sin veg.Men Herren lét råka handet vi alle var skuld i.
7 Ille medfaren vart han,men bar det audmjukt;han lét ikkje opp sin munn,som lammet dei fører ¬til slakting,og sauen som teier ¬når han vert klypt;han lét ikkje opp sin munn.
8 Gjennom trengsle og dom ¬vart han teken bort.Men kven i hans samtid ¬vørde vel det?Bortriven vart han ¬or levandelandet,for sitt folks brot laut han døy.
9 Dei gav han ei grav ¬mellom gudlause,hjå ein rikmann, ¬då han var død,endå han ikkje ¬hadde gjort nokon urett,og det ikkje fanst svik ¬i hans munn.