8 Gjennom trengsle og dom ¬vart han teken bort.Men kven i hans samtid ¬vørde vel det?Bortriven vart han ¬or levandelandet,for sitt folks brot laut han døy.
9 Dei gav han ei grav ¬mellom gudlause,hjå ein rikmann, ¬då han var død,endå han ikkje ¬hadde gjort nokon urett,og det ikkje fanst svik ¬i hans munn.
10 Det var Herrens viljeå knusa han med sjukdom.Men fordi han gav sitt liv ¬til soning,skal han få etterkomarar ¬og leva lenge,og ved han skal Herrens vilje ¬ha framgang.
11 Etter all si møde og sjelenaudskal han sjå ljos og mettast.Og når dei kjenner han,skal han, min rettferdige tenar,gjera dei mange rettferdige;for han har bore deira synder.
12 Difor gjev eg han ¬dei mange til del,og dei sterke skal han få ¬til hærfang,fordi han gav sitt liv i dødenog vart rekna ¬mellom brotsmenn.Han tok på seg synda ¬åt dei mangeog bad for brotsmenn.