12 Eg gjer dine murtindar ¬av rubinar,dine portar av krystallarog heile din ringmur ¬av dyre steinar.
13 Alle dine born ¬skal vere opplærte av Herren,og stor er freden for dine søner.
14 Ved rettferd ¬skal du vera grunnlagd.Ver trygg for trengsle– du har ingenting å ottast,og for redsle– ho skal ikkje nå deg.
15 Går nokon til strid imot deg,kjem det ikkje frå meg.Den som tek på deg,skal falla for di hand.
16 Sjå, eg skaper smedensom blæs i koleldenog lagar våpen til sitt bruk.Og eg skaper øydarentil å herja og skada.
17 Ikkje eitt våpen ¬dei smider imot deg,skal visa seg gagnleg.Kvart klagemål ¬dei reiser mot deg,skal du få kjent grunnlaust.Det er den lut ¬som Herrens tenarar får,den rett eg gjev dei, ¬seier Herren.