2 Gjer større rom for teltet ditt,spenn ut dine teltdukar, ¬spar ikkje på dei,gjer snorene lange, ¬slå pluggane fast!
3 For til høgre og venstre ¬skal du breia deg ut.Di ætt skal driva ut folkeslagog bu i byar som låg aude.
4 Ver ikkje redd,du skal ikkje verta til skammar!Ver ikkje skamfull,du skal ikkje verta vanæra!No kan du gløyma ¬din ungdoms skamog ikkje meir minnast ¬din enkjestands vanære.
5 For han som skapte deg, ¬er din mann,Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn;Israels Heilage er din utløysar,han som heiter Gud ¬for all jorda.
6 Som ei bortstøytt ¬og sorgfull kvinnekallar Herren deg attende.Kan ein vel vraka, ¬seier din Gud,ho som var kone ¬heilt frå sin ungdom?
7 Ei lita stund gjekk eg frå deg,men i mi store miskunnvil eg føra deg heim att.
8 Då vreiden steig opp i meg,løynde eg andletet for deg ¬ein augneblink.Men med evig nådevil eg miskunna deg,seier Herren, din utløysar.