8 Då vreiden steig opp i meg,løynde eg andletet for deg ¬ein augneblink.Men med evig nådevil eg miskunna deg,seier Herren, din utløysar.
9 For meg er dette ¬som i Noahs dagar,den gongen eg svor ¬at Noah-flaumenaldri meir skulle koma ¬over jorda.På same måten sver eg noat eg aldri meirskal harmast på deg ¬og refsa deg.
10 For om fjella vik ¬og haugane vert rikka,skal min nåde ikkje vika ¬frå deg,og mi fredspakt ¬skal aldri rikkast,seier Herren, ¬som miskunnar deg.
11 Du arme stormdrivne,som ikkje finn trøyst!Sjå, eg legg din grunnvoll ¬med turkisarog byggjer din grunnmur ¬med safirar.
12 Eg gjer dine murtindar ¬av rubinar,dine portar av krystallarog heile din ringmur ¬av dyre steinar.
13 Alle dine born ¬skal vere opplærte av Herren,og stor er freden for dine søner.
14 Ved rettferd ¬skal du vera grunnlagd.Ver trygg for trengsle– du har ingenting å ottast,og for redsle– ho skal ikkje nå deg.