11 Kven var du så redd ¬og skjelven for,sidan du fór med lygn?Du kom ikkje lenger meg i hugog brydde deg ikkje om meg.Fordi eg tagde i lange tider,hadde du ikkje age for meg.
12 Eg vil fortelja om di rettferdog om dine gjerningar;dei gagnar deg ikkje.
13 Lat dine avgudar berga degnår du skrik!Ein storm ¬skal lyfta dei alle opp,ein vind skal føykja dei bort.Men dei som flyr til meg, ¬skal arva landetog ta mitt heilage fjell i eige.
14 Det lydde eit ord:Bygg, ja bygg og ryd ein veg!Ta bort kvar støytesteinfrå vegen åt mitt folk!
15 Så seier han ¬som er høgt opphøgd,han som tronar evig ¬og heiter Den Heilage:I det høge og heilage bur egog hjå den som er knust ¬og nedbøygd i ånda.Eg vekkjer ånda til liv ¬hjå dei bøygdeog hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig ¬føra klagemålog ikkje alltid vera harm.Elles kom deira åndtil å missa si kraft for mitt åsyn,deira livsande ¬som eg har skapt.
17 Fordi Israel ¬hadde slik syndig lyst,vart eg harm og slo dei;så løynde eg meg i min vreide.Men dei vende seg bortog valde ein veg ¬etter eigen hug.