5 De brenn av lyst ¬mellom eiketreaog under kvart lauvrikt tre,de slaktar born i dalane,i skorter og skar.
6 Dei håle steinane nede i dalener den lut du har valt.Du renner ut drikkoffer for deiog ber fram offergåver.Skulle eg finna meg i det?
7 På eit høgt og mektig fjellstelte du til di lege.Der steig du oppog bar fram slaktoffer.
8 Bak dør og dørkarm ¬sette du ditt teikn.Du gjekk bort frå meg ¬og reidde di lege,du la deg ned og gjorde plass.Så tinga du med nokre av deisom du elskar å liggja med,og du såg dei nakne.
9 Du drog til Melek med oljeog hadde med deg mykje salve.Du sende dine bodberarar ¬langt av stad,lét dei fara heilt ned ¬i dødsriket.
10 Du vart nok trøytt ¬av å fara ikring,men sa ikkje: ¬«Det er nyttelaust.»Du samla nye krefter,difor gav du ikkje opp.
11 Kven var du så redd ¬og skjelven for,sidan du fór med lygn?Du kom ikkje lenger meg i hugog brydde deg ikkje om meg.Fordi eg tagde i lange tider,hadde du ikkje age for meg.