8 Bak dør og dørkarm ¬sette du ditt teikn.Du gjekk bort frå meg ¬og reidde di lege,du la deg ned og gjorde plass.Så tinga du med nokre av deisom du elskar å liggja med,og du såg dei nakne.
9 Du drog til Melek med oljeog hadde med deg mykje salve.Du sende dine bodberarar ¬langt av stad,lét dei fara heilt ned ¬i dødsriket.
10 Du vart nok trøytt ¬av å fara ikring,men sa ikkje: ¬«Det er nyttelaust.»Du samla nye krefter,difor gav du ikkje opp.
11 Kven var du så redd ¬og skjelven for,sidan du fór med lygn?Du kom ikkje lenger meg i hugog brydde deg ikkje om meg.Fordi eg tagde i lange tider,hadde du ikkje age for meg.
12 Eg vil fortelja om di rettferdog om dine gjerningar;dei gagnar deg ikkje.
13 Lat dine avgudar berga degnår du skrik!Ein storm ¬skal lyfta dei alle opp,ein vind skal føykja dei bort.Men dei som flyr til meg, ¬skal arva landetog ta mitt heilage fjell i eige.
14 Det lydde eit ord:Bygg, ja bygg og ryd ein veg!Ta bort kvar støytesteinfrå vegen åt mitt folk!