10 når du deler ditt brød ¬med den som svelt,og mettar den som lid naud,då skal ljoset renna ¬for deg i mørkret,og natta skal verta ¬som ljose dagen.
11 Herren skal alltid leia degog metta deg i det turre land.Han skal styrkja deg;du skal verta ¬som ein vassrik hage,ja, som ei rennande kjeldeder vatnet aldri tryt.
12 Du skal byggja opp att ¬gamle ruinarog reisa grunnmurar ¬frå farne ætter.Då skal dei kalla deg ¬murbrot-bøtar,han som vøler vegar,så folk kan bu i landet.
13 Held du foten din att ¬på sabbatsdagen,så du ikkje driv ditt yrke ¬på min heilagdag,men kallar sabbaten ei lystog Herrens helg ¬ein høgvørd dag,held du han i ære,så du ikkje går dine ¬eigne vegar,men avstår frå handel ¬og snakk,
14 då skal du ha di glede i Herren.Eg lèt deg fara ¬over høgdene i landet,du får nyta arven etter Jakob, ¬far din.Dette er ordet ¬frå Herrens munn.