2 Dei søkjer meg dag etter dagog vil gjerne kjenna ¬mine vegar.Lik eit folk som gjer rettog ikkje vender seg ¬frå sin Guds lov,spør dei etter ¬mine rettferdige bodog ynskjer at Gud ¬skal vera dei nær!
3 «Kvifor ser du ikkje at vi fastar,og ansar ikkje at vi plagar oss?»De kjøper og sel på fastedagenog driv arbeidsfolket hardt.
4 Når de fastar, ¬er det kiv og strid,med hogg og slag ¬av gudlause nevar.De fastar ikkje så i dagat bøna dykkar ¬kan høyrast i det høge.
5 Er dette den faste eg vil ha:ein dag då mennesket ¬plagar seg sjølv,heng med hovudet som sevet,kler seg i botsdrakt ¬og ligg i oske?Kallar du dette for faste,er det ein dag ¬etter Herrens vilje?
6 Nei, så er den faste ¬som eg vil ha:at du løyser dei ¬som med urett er bundne,sprengjer banda i åketog friar ut dei som er trælka,ja, knekkjer kvart åk,
7 at du deler ditt brød ¬med dei som svelt,og lèt heimlause stakkarar ¬koma i hus,at du kler den nakne som ¬du ser,og ikkje sviktar dine eigne.
8 Då skal ljoset ditt renna ¬som morgonroden,snart skal dei lækjast og gro, ¬dine sår.Di rettferd skal gå føre degog Herrens herlegdom ¬sist i ferda.