7 at du deler ditt brød ¬med dei som svelt,og lèt heimlause stakkarar ¬koma i hus,at du kler den nakne som ¬du ser,og ikkje sviktar dine eigne.
8 Då skal ljoset ditt renna ¬som morgonroden,snart skal dei lækjast og gro, ¬dine sår.Di rettferd skal gå føre degog Herrens herlegdom ¬sist i ferda.
9 Då skal Herren svaranår du kallar på han,når du ropar om hjelp,skal han seia: «Her er eg!»Når du tek bort ¬kvart tyngjande åk,held opp med å peika fingrarog tala vondt om andre,
10 når du deler ditt brød ¬med den som svelt,og mettar den som lid naud,då skal ljoset renna ¬for deg i mørkret,og natta skal verta ¬som ljose dagen.
11 Herren skal alltid leia degog metta deg i det turre land.Han skal styrkja deg;du skal verta ¬som ein vassrik hage,ja, som ei rennande kjeldeder vatnet aldri tryt.
12 Du skal byggja opp att ¬gamle ruinarog reisa grunnmurar ¬frå farne ætter.Då skal dei kalla deg ¬murbrot-bøtar,han som vøler vegar,så folk kan bu i landet.
13 Held du foten din att ¬på sabbatsdagen,så du ikkje driv ditt yrke ¬på min heilagdag,men kallar sabbaten ei lystog Herrens helg ¬ein høgvørd dag,held du han i ære,så du ikkje går dine ¬eigne vegar,men avstår frå handel ¬og snakk,