16 Han såg at ikkje ein steig fram,og undra seg overat ingen førte hans sak.Då kom hans arm han til hjelp,hans rettferd stødde han.
17 Han tok rettferd på seg ¬til brynjeog sette frelseshjelm ¬på sitt hovud.Så kledde han seg ¬i hemnens klednadog sveipte om seg ¬brennhug til kappe.
18 Han løner folk ¬etter det dei har gjort,med harme mot uvener, ¬hemn over fiendar;jamvel mot øyar og strendergjer han attergjeld.
19 Dei skal ottast Herrens namn ¬i vestog hans herlegdom i aust.For han kjem ¬som ein veldig flaum,som Herrens storm driv fram.
20 Han kjem ¬som utløysar for Sion,for dei som snur om frå synd ¬i Jakob,lyder ordet frå Herren.
21 Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren.