6 Deira vevnad duger ikkje ¬til klede,ingen kan kle seg ¬med det dei lagar.Det dei gjer, ¬er vondskaps gjerning,valdsverk kjem frå deira ¬hender.
7 Dei er snare på foten ¬til det som er vondt,og snøgge til å renna ut ¬skuldlaust blod.Alle deira tankar er vonde,der dei fer, ¬er herjing og øyding.
8 Freds veg kjenner dei ikkje,det finst ingen rett i deira spor.Dei går på krokete stigar,og ingen som ferdast der, ¬veit av fred.
9 Difor er retten ¬langt borte frå oss,rettferda når oss ikkje.Vi ventar på ljos, ¬men sjå, det er mørkt,på solskin, men ferdast ¬i skugge.
10 Vi trivlar langs veggen ¬som blinde,vi trivlar som folk utan augo.Vi snåvar på ljose dagensom om det var skumring,i vår beste alder er vi ¬som døde.
11 Vi gryler alle som bjørnarog klynkar og klagar som duer.Vi ventar på rettferd, ¬men ho kjem ikkje,på frelse, ¬men ho er langt borte frå oss.
12 Du ser at våre synder ¬er mange,våre brot vitnar imot oss.Ja, våre synder veit vi om,våre misgjerningar kjenner vi: