9 Difor er retten ¬langt borte frå oss,rettferda når oss ikkje.Vi ventar på ljos, ¬men sjå, det er mørkt,på solskin, men ferdast ¬i skugge.
10 Vi trivlar langs veggen ¬som blinde,vi trivlar som folk utan augo.Vi snåvar på ljose dagensom om det var skumring,i vår beste alder er vi ¬som døde.
11 Vi gryler alle som bjørnarog klynkar og klagar som duer.Vi ventar på rettferd, ¬men ho kjem ikkje,på frelse, ¬men ho er langt borte frå oss.
12 Du ser at våre synder ¬er mange,våre brot vitnar imot oss.Ja, våre synder veit vi om,våre misgjerningar kjenner vi:
13 Vi har reist oss mot Herren,har fornekta hanog gått bort frå vår Gud.Vi har tala om vald og fråfallog mumla fram svikefulle ordsom var avla i hjarta.
14 Difor er retten unnatrengd,rettferda står langt borte.På torget er sanninga fallen,og det rette vinn ikkje fram.
15 Truskapen er borte,og den som held seg ¬frå vondskap,vert plyndra. Herren såg – og det var vondt ¬i hans augo –at det ikkje var retten ¬som rådde.