13 Til deg kjem ¬Libanons herlege tre,både sypress og gran ¬og buksbom;dei skal pryda den stadder min heilagdom står,og æra den stadder eg set min fot.
14 Sønene til dei som trælka deg,kjem og bøyer seg djupt ¬for deg.Alle som vanvørde deg,kastar seg ned for dine føter.Dei skal kalla deg Herrens by,Sion, som høyrer ¬Israels Heilage til.
15 Før sat du einsam og hata,ingen såg innom deg.Men no gjer eg deg stor ¬for alltid,til ei glede frå ætt til ætt.
16 Då skal du suga mjølk frå folka,ved kongars bryst ¬skal du næra deg.Du skal kjenna at eg, Herren, ¬er din frelsar,at Jakobs Veldige ¬er din utløysar.
17 Eg gjev deg gull ¬i staden for koparog sølv i staden for jern;eg gjev deg kopar ¬i staden for treog jern i staden for stein.Fred lèt eg råda over degog rettferd styra deg.
18 Det skal ikkje meir høyrast ¬om vald i ditt land,om herjing og øyding ¬innan dine grenser.Du skal kalla dine murar Frelseog dine portar Lovsong.
19 Då treng ikkje sola lysa for deg ¬om dageneller månen om natta.For Herren skal vera ditt ljos ¬for evig,din Gud skal vera ¬din herlegdom.