9 Øyar og strender ventar ¬på meg.Fremst går Tarsis-skipa.Langt bortanfrå ¬fører dei dine sønerog deira gull og sølv med dei,til ære for namnet ¬åt Herren din Gud,for Israels Heilage, ¬som gjev deg slik heider.
10 Framande skal byggja ¬dine murar,og deira kongar skal tena deg.I min harme har eg slege deg,men i min nåde ¬miskunnar eg deg.
11 Dine portar skal alltid ¬stå opne,korkje dag eller natt ¬skal dei stengjast,så rikdomen åt folka ¬kan førast til degog kongane deira ¬i fangeflokken.
12 For det folk og det rikesom ikkje vil tena deg,skal gå til grunne,og folkeslag skal rydjast ut.
13 Til deg kjem ¬Libanons herlege tre,både sypress og gran ¬og buksbom;dei skal pryda den stadder min heilagdom står,og æra den stadder eg set min fot.
14 Sønene til dei som trælka deg,kjem og bøyer seg djupt ¬for deg.Alle som vanvørde deg,kastar seg ned for dine føter.Dei skal kalla deg Herrens by,Sion, som høyrer ¬Israels Heilage til.
15 Før sat du einsam og hata,ingen såg innom deg.Men no gjer eg deg stor ¬for alltid,til ei glede frå ætt til ætt.