1 Kven er han ¬som kjem frå Edom,frå Bosra i blodraude klede,han som er så briken ¬i sin bunad,og skrid fram i si store kraft?«Det er eg, ¬eg som talar i rettferd,eg som har makt til å frelsa.»
2 Kvifor er din bunad så raud,lik kleda åt ein ¬som trakkar druer?
3 «Åleine trødde eg i vinpressa,ingen av folka var med meg.Eg trødde på dei i vreideog trakka dei ned i harme.Då skvatt deira blod ¬på kleda mine,heile min klednad vart tilsølt.
4 For ein straffedag ¬hadde eg i tankar,mitt utløysingsår var kome.
5 Eg såg meg om, ¬det var ingen som hjelpte,eg vart forfærd, ¬men fekk inga støtte.Då kom min arm meg til hjelp,min harme stødde meg.
6 Eg trakka folkeslag ¬ned i min vreideog knuste dei i min harme;deira blod lét eg renna ¬til jorda.»