11 Då tenkte dei på gamle dagar,på Moses, som var hans tenar:Kvar er han ¬som tok opp or vatnethan som vart hyrding ¬over hans hjord?Kvar er han som gav hansin Heilage Ande i hjarta?
12 Han lét sin herlege armfara fram på høgre sida ¬av Moses;han kløyvde vatnet ¬framfor folketog skapte seg eit evig namn.
13 Han lét dei gå gjennom djupetsom hesten på steppa– dei snåva ikkje.
14 Som når ein buskap ¬går ned i dalen,førte Herrens Ande dei til ro.Ja, såleis førte du ditt folkog skapte deg eit herleg namn.
15 Sjå ned frå himmelen,ja, sjå frå din heilage, ¬herlege bustad!Kvar er din brennhug ¬og di kraft?Di djupe medkjensle ¬og di miskunnheld du att frå meg.
16 Og du er då vår far!Abraham veit ikkje om oss,og Israel kjenner oss ikkje.Men du, Herre, er vår far,frå gamal tid ¬er ditt namn vår utløysar.
17 Kvifor fører du oss bort, ¬Herre,frå dine vegar?Kvifor gjer du hjarta vårt hardt,så vi ikkje ottast deg?Snu om for dine tenarar skuld,dei ætter som er din eigedom!