4 For ein straffedag ¬hadde eg i tankar,mitt utløysingsår var kome.
5 Eg såg meg om, ¬det var ingen som hjelpte,eg vart forfærd, ¬men fekk inga støtte.Då kom min arm meg til hjelp,min harme stødde meg.
6 Eg trakka folkeslag ¬ned i min vreideog knuste dei i min harme;deira blod lét eg renna ¬til jorda.»
7 Eg vil minnast ¬Herrens velgjerningarog lova han for hans storverk,for alt det Herren har gjort ¬mot oss,for alt det godesom han i sin nådeog i si store miskunnhar gjort mot Israels ætt.
8 Han har sagt:«Ja, dei er mitt folk,søner som aldri svik.»Og han vart ein frelsar for dei.
9 I all deira trengslevar det inga trengsle.Hans eigen engel frelste dei.I sin kjærleik og i si ¬medkjensleløyste han dei ut.Han tok dei opp og bar deialle dagar frå gamal tid.
10 Men dei var trassigeog gjorde hans ¬Heilage Ande sorg.Så snudde han om ¬og vart deira fiende,han stridde sjølv imot dei.