7 Eg vil minnast ¬Herrens velgjerningarog lova han for hans storverk,for alt det Herren har gjort ¬mot oss,for alt det godesom han i sin nådeog i si store miskunnhar gjort mot Israels ætt.
8 Han har sagt:«Ja, dei er mitt folk,søner som aldri svik.»Og han vart ein frelsar for dei.
9 I all deira trengslevar det inga trengsle.Hans eigen engel frelste dei.I sin kjærleik og i si ¬medkjensleløyste han dei ut.Han tok dei opp og bar deialle dagar frå gamal tid.
10 Men dei var trassigeog gjorde hans ¬Heilage Ande sorg.Så snudde han om ¬og vart deira fiende,han stridde sjølv imot dei.
11 Då tenkte dei på gamle dagar,på Moses, som var hans tenar:Kvar er han ¬som tok opp or vatnethan som vart hyrding ¬over hans hjord?Kvar er han som gav hansin Heilage Ande i hjarta?
12 Han lét sin herlege armfara fram på høgre sida ¬av Moses;han kløyvde vatnet ¬framfor folketog skapte seg eit evig namn.
13 Han lét dei gå gjennom djupetsom hesten på steppa– dei snåva ikkje.