1 Gjev du kløyvdehimmelen og steig ned,så fjella skalv for deg,som når elden fatar i risvedog får vatnet til å koka.Då skulle dine fiendar ¬få kjenna ditt namnog folkeslag skjelva ¬for ditt åsyn,
2 når du gjorde under ¬som ingen venta,og steig ned ¬så fjella skalv for deg.
3 Aldri har nokon høyrt ¬eller spurt,aldri har auga settnokon annan gud enn degsom kan gjera sliktfor dei som ventar på han.
4 Du møter dei ¬som med glede gjer rett,og tenkjer på ¬korleis du går fram.Men du vart harm, og vi synda.Så har det alltid vore– kan vi då verta frelste?
5 Alle vart vi som ureine,som skite ty vart all ¬vår rettferd.Vi vart alle som vise lauv,våre misgjerningar bles ¬oss bort som vinden.
6 Det finst ingen ¬som kallar på ditt namn,ingen som tek seg samanog held fast på deg.For du har løynt ditt åsyn ¬for ossog gjeve oss våre synder i vald.
7 Men du, Herre, er då vår far!Vi er leira, og du har skapt oss,alle er vi eit verk av di hand.