1 Så seier Herren:Himmelen er ¬min kongsstolog jorda skammel ¬for mine føter.Kva slag hus ¬kan de byggja åt meg,kva slag bustad kan de ¬gje meg?
2 Alt dette har eg skapt ¬med mi hand,såleis vart det til, seier Herren.Desse ser eg nådig til:dei arme som kjenner seg ¬knusteog skjelv for mitt ord.
3 Den som slaktar ein okse,er lik ein manndrapar,den som ofrar eit lam,er lik ein hundemordar,den som ber fram grødeoffer,er lik den som ofrar svineblod,den som brenner røykjelse,er lik den som hyller ¬ein avgud.Dei som gjer dette,har valt sine eigne vegar;dei held av sine fæle ¬gudebilete.
4 På same måten vel eg ògå la det gå dei illeog føra over deidet dei går og gruar for.For ingen svara når eg ropa,og ingen høyrde når eg tala.Dei gjorde det som vondt var ¬i mine augo,og valde det som eg ikkje lika.