9 Skulle eg opna morslivog ikkje la det koma til fødsle? ¬seier Herren.Skulle eg la fødsla ta tilog så halda fosteret att?seier din Gud.
10 Gled dykk med Jerusalem,og jubla over henne,alle de som har henne kjær!Fegnast med henne,alle de som syrgjer over henne!
11 Så skal de suga og mettastved hennar trøystefulle barm,ja, drikka og gleda dykkved hennar herlege bryst.
12 For så seier Herren:Sjå, til Sion leier eglukke og fred som ei elv,og dit skal rikdomen ¬åt folka komasom ein fløymande bekk.Dei skal bera hennar born ¬på armenog vogga dei på fanget.
13 Som ei mor trøystar son sin,såleis vil eg trøysta dykk,ja, i Jerusalem skal de få trøyst.
14 De skal sjå det ¬med glede i hjarta,de skal gro ¬som det grøne graset.Herrens tenarar ¬skal kjenna hans hand,men fiendane får merka ¬hans vreide.
15 For sjå, Herren kjem ¬som ein eld,hans vogner som ein storm.Han slepper sin vreide laus ¬som ein brannog sine trugsmål som logar.