16 For før guten skjønar å vraka det vonde og velja det gode, skal det verta audt i landet åt dei to kongane som du reddast for.
17 Og over deg og folket ditt og farshuset ditt skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore maken til sidan Efraim skilde seg frå Juda – Assur-kongen.»
18 Den dagen skal Herren plystrapå flugene attmed elvosane ¬i Egyptog på biene i Assyria.
19 Alle skal koma og slå seg nedi tronge dalar og fjellkløfter,i alle klungerrunnarog på alle brynnings-stader.
20 Den dagen skal Herren ¬raka av håretmed ein kniv han har leigtpå hi sida av Storelva,med kongen i Assyria.Både ovantil og nedantilskal han raka av alt hår;jamvel skjegget ¬skal han skrapa bort.
21 På den tid ¬skal ein mann kunna haldaei kvige og eit par sauer,
22 og dei skal gje så mykje mjølkat han kan eta rjome.Ja, rjome og honning ¬skal dei eta,alle som er att i landet.