8 at Damaskus er Arams hovudog Resin hovding i Damaskus– om sekstifem år ¬er det ute med Efraim,så det ikkje meir er eit folk,
9 at Samaria er Efraims hovudog Remalja-sonen ¬hovding i Samaria.Vil de ikkje tru, ¬skal de ikkje trygt få bu.»
10 Herren tala atter til Akas og sa:
11 «Krev deg eit teikn av Herren din Gud! Krev det nede i dødsriket eller oppe i høgda!»
12 Men Akas svara: «Eg vil ikkje krevja noko, eg vil ikkje setja Herren på prøve.»
13 Då sa profeten: «Så høyr då, du Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, sidan de trøyttar min Gud òg?
14 Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel.