1 Sæl er den som ikkje fylgjerråd frå gudlause menneskeog ikkje slår inn på syndarvegeller sit i lag med spottarar,
2 men har si glede i Herrens lovog grundar på hans lov ¬dag og natt.
3 Han er lik eit tre,planta ved rennande bekker:Det gjev si frukt i rette tid,og lauvet visnar ikkje på det.Alt det han gjer, skal lukkast.
4 Så er det ikkje ¬med dei gudlause.Dei er lik agner ¬som spreiest for vinden.
5 Difor skal ingen gudlausstå seg når domen fell,og ingen syndar vera medder dei rettferdige samlast.
6 For Herren kjenner vegen ¬åt dei rettferdige,men vegen åt dei gudlausefører til undergang.