Salmane 90 N78NN

Lær oss å telja våre dagar!

1 Ei bøn av gudsmannen Moses.Herre, du har vore ein bustadfor oss frå ætt til ætt.

2 Før fjella vart fødde,før jorda og verda vart til,ja, frå æve til æve er du, Gud.

3 Du lèt mennesket verta ¬til støv attog seier: «Vend tilbake, ¬de menneskeborn!»

4 For tusen år er i dine augosom dagen i går ¬då han fór framom,eller som ei nattevakt.

5 Du riv menneska bort,dei er som ein svevn.Om morgonen er dei ¬som groande graset:

6 Om morgonen gror det ¬og blømer,om kvelden er det vise og turt.

7 Vi går til grunne ¬ved din vreide,redsle grip oss ved din harme.

8 Våre misgjerningar ¬har du for auga,vår løynde synd vert synlegi ljoset frå ditt åsyn.

9 Alle våre dagar ¬fer fram i din vreide,åra går som ein pust.

10 Vår levetid er sytti år,og åtti år, når styrken er stor.Deira herlegdom er strev ¬og møde;snart er det slutt, ¬vi flyr av stad.

11 Kven kjenner styrken ¬i din vreide,kven ottast deg, ¬så han skjønar din harme?

12 Lær oss å telja våre dagar,så vi kan få visdom i hjarta!

13 Kom attende, Herre! ¬Kor lenge?Ha medynk med dine tenarar!

14 Metta oss med miskunn ¬når morgonen renn,så vi kan gleda og fagna oss ¬alle våre dagar.

15 Gled oss så lenge ¬som du har audmykt oss,like mange år ¬som vi har lide vondt.

16 Lat dine tenarar få sjå ¬di gjerning,og vis din herlegdom ¬for deira born!

17 Gjev Herrens velvilje ¬må vera over oss!Gjev du må fremja ¬våre henders verk,ja, fremja våre henders verk!