1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.Ein song.
2 Gud, det er rettat vi lovsyng deg på Sionog held våre lovnader til deg,
3 du som høyrer bøner.Alle menneske kjem til deg
4 med si syndeskuld.Når våre synder ¬vert for tunge for oss,då slettar du dei ut.
5 Sæl er den som du vel ut,så han får koma nær til degog bu i dine tempelgardar.Vi mettar oss ¬med det gode i ditt hus,med det heilage i ditt tempel.
6 Du bønhøyrer oss i rettferdmed underfulle gjerningar,du Gud som er vår frelsar,ei livd for alle land på jord,ja, for havsens fjerne strender.
7 Du reiste fjella med di kraft,batt styrkebeltet om deg.
8 Du døyvde opprørt hav,du stilte bylgjene, ¬ståket av folkeslag,
9 så dei som bur ¬ved verdsens endar,laut reddast ved dine teikn.Du skapte jubel frå aust til vest.
10 Du har gjesta jorda ¬og gjeve henne regn,du har gjort henne ovende rik.Guds bekk er full av vatn;du syter for at kornet veks.Såleis legg du alt til rettes:
11 Du vatnar fòrene, ¬jamnar velteneog bløyter opp jorda med regn;du signar hennar grøde.
12 Du kronar året ¬med gode gåver,det spirer og gror ¬i dine hjulspor,
13 det spirer ¬på dei aude beitemarker,kring haugane er det jubel.
14 Markene er kledde med sauerog dalane sveipte i korn.Det lyder glederop og song.