Salmane 40 N78NN

Du er min hjelpar ¬og bergingsmann

1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2 Eg venta og vona på Herren.Han bøygde seg til meg ¬og høyrde mitt rop.

3 Han drog meg opp ¬or den tynande grav,opp or den djupe gjørma.Han sette mine føter på fjellog lét meg gå med faste steg.

4 Han la ein ny song i min munn,ein lovsong til vår Gud.Mange skal sjå det og ottastog setja si lit til Herren.

5 Sæl er den mannsom set si lit til Herren,og ikkje held seg til dei stolte,til dei som fell frå i lygn.

6 Herre, min Gud,mange under har du gjort,og mange tankar har du ¬til vårt beste;ingen kan mæla seg med deg.Vil eg tala og fortelja om dei,er dei reint uteljande.

7 Slaktoffer og gåve ¬har du ikkje hug på,– du har opna mitt øyra;brennoffer og syndoffer ¬krev du ikkje.

8 Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.I bokrullen er det ¬skrive om meg.

9 Å gjera din vilje, Gud, ¬er mi lyst,eg har di lov i mitt hjarta.»

10 Eg forkynte bodskapen ¬om frelsai den store samling.Eg lét ikkje att mine lipper;det veit du, Herre.

11 Di rettferd ¬heldt eg ikkje for meg sjølv,eg tala om din truskap ¬og di frelse.Di miskunn og di sanning ¬forkynte eg opei den store samling.

12 Herre, du vil ikkjeta di miskunn frå meg.Di miskunn og di sanningskal alltid verna meg.

13 Eg har tallause trengsler ¬på alle kantar,mine misgjerningar tek meg att,– eg kan ikkje lenger ¬lyfta augo;dei er fleire ¬enn håra på mitt hovud.Eg har reint mist motet.

14 Herre, gjer vel og fri meg ut!Skund deg og hjelp meg, Herre!

15 Lat alle som står meg etter livet,verta til spott og spe!Lat dei som vil tyna meg,dra seg tilbake med vanære.

16 Dei som spottar meg ¬og ropar «ha-ha»,skal stivna av redsle og skam.

17 Men lat alle som søkjer deg,fegnast og gleda seg i deg!Lat dei som elskar di frelse,alltid seia: «Stor er Herren!»

18 Eg er hjelpelaus og fattig,men Herren har omsut for meg.Du er min hjelpar ¬og bergingsmann;dryg ikkje lenger, min Gud!