Salmane 34 N78NN

Smak og sjå at Herren er god!

1 Av David, då han var hjå Abimelek og bar seg som galen, så han vart jaga bort og slapp unna.

2 Støtt vil eg prisa Herren,stendig vil eg lovsyngja han.

3 Eg rosar meg av Herren,dei hjelpelause gleder seg ¬når dei høyrer det.

4 Lat oss saman lova Herrenog prisa hans store namn!

5 Eg søkte Herren, ¬og han svara meg,frå alt som skræmde, ¬berga han meg.

6 Sjå opp til han, og strål av glede,så skal de aldri raudna av skam!

7 Ein stakkar ropa, ¬og Herren gav svar,han frelste han ¬frå alle trengsler.

8 Herrens engel slår leirtil vern for dei ¬som har age for Herren,og friar dei ut or fare.

9 Smak og sjå at Herren er god!Sæl er den som flyr til han.

10 Ottast Herren, ¬de hans heilage folk!Dei som ottast han, ¬lid inga naud.

11 Unge løver må svelta ¬og lida sakn;men dei som søkjer Herren,vantar det aldri noko godt.*

12 Kom hit og høyr på meg, ¬de born!Age for Herren ¬vil eg læra dykk.

13 Er det nokon som elskar livet,som ynskjer seg ¬dagar med lukke?

14 Så hald di tunge ¬frå lygn og slarvog lippene frå svikefull tale!

15 Sky det vonde, og gjer det gode!Søk fred, og jag etter han!

16 Herrens augo ¬fylgjer dei rettferdige,han vender øyra til deira rop.

17 Men Herren vender seg ¬mot dei som gjer vondt,han vil rydja ut minnet om dei ¬frå jorda.

18 Når dei rettvise ropar, ¬høyrer Herren,han bergar dei ¬ut or alle trengsler.

19 Herren er nær hjå dei ¬som har eit sundbrote hjarta,og han frelser dei ¬som har ei knust ånd.

20 Mykje vondt ¬må den rettferdige lida,men Herren friar han ut or alt.

21 Han tek vare på ¬kvart bein i hans kropp,så ikkje eitt av dei vert brote.

22 I ulukke misser ¬den gudlause livet,dei som hatar den rettferdige, ¬må bøta.

23 Men Herren bergar ¬livet åt dei som tener han;ingen som tyr til han, ¬lid straff.