1 Ein song til festferdene. Av David.Eg er glad når dei seier til meg:«Vi vil gå til Herrens hus.»
2 No har vi sett våre føteri dine portar, Jerusalem.
3 Jerusalem, du velbygde by,som ligg der samla ¬og samanbunden!
4 Dit fer ættene opp,ættene som høyrer Herren til. Det er ei lov for Israelat dei skal prisa ¬Herrens namn der.
5 Ja, der er domarsete reiste,troner for Davids hus.
6 Bed om fred for Jerusalem!Gjev dei som elskar deg, ¬må leva trygt!
7 Gjev fred får råda ¬bak dine murarog tryggleik i dine borger!
8 For mine brør og frendar skuldseier eg: «Fred over deg!»
9 Fordi Herren vår Gud ¬har sitt hus i deg,bed eg at det må gå deg vel.