1 Ein song til festferdene. Eg lyfter mine augo til fjella:Kvar kjem mi hjelp ifrå?
2 Mi hjelp kjem frå Herren,han som skapte himmel ¬og jord.
3 Han lèt ikkje foten din ¬vera ustø,din vaktar blundar ikkje.
4 Nei, han blundar ikkje ¬og søv ikkje,Israels vaktar.
5 Herren er din vaktar, ¬Herren er din skugge,han er ved di høgre hand.
6 Sola skal ikkje stikka deg ¬om dagenog månen ikkje skada deg ¬om natta.
7 Herren skal vara deg ¬frå alt vondtog verna om ditt liv.
8 Herren skal vara ¬din utgang og din inngangfrå no og til evig tid.